Innlegg:
Les statsråden sitt svar på kvifor «nærpolitireforma» fører til store kutt i politistillingar i Nordhordland . Han skuldar på politimesteren, men vil ikkje gripe inn. Politimesteren seier til BT i dag at kutta ikkje er ønskelige- men nødvendige ut frå den økonomiske situasjonen. Statsråden seier det aldri har vore så mykje midlar og nye stillingar i politiet.Lensmannen lokalt seier «nærpolitireforma» fører til kutt i beredskap.Lengre responstid. Mindre patruljering. Her må KRF og AP som støtta regjeringas reform, føle på ansvaret. Aldri har vel tittelen på ei reform vore meir misvisande. Nordhordland ,som hadde svært gode polititenester , får no færre lensmannskontor men og kutt i stillingar, dårlegare beredskap og mindre ressursar til etterforsking etter at nærpolitireforma blei innført.
Postet:
2018-06-30 10:12:57
Delt innhold:
Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til justis-, beredskaps- og innvandringsministeren
Vil statsråden sikre at Nordhordland lensmannsdistrikt får styrka sine stillingar i tråd med lovnadene i nærpolitireform slik at dei kan oppretthalde responstid og patruljetenesta også i utkantane der lensmannskontor er blitt lagt ned, og oppretthalde kapasiteten til etterforsking, og kan stats...