Person / Aktør:
Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Parti: H

Innlegg:
Transportkomiteen er ute i den store verda, denne gongen i Sør-Korea. I dag har vi vore på besøk på Hyundai verftet og sett hamna i Busan, der togturen frå Seoul var del av opplegget. Sjølvsagt litt blanda følelser ved å sjå Goliat modellen, ein plattform vi svært gjerne skulle ha bygd på våre lokale verft. \nMen med sine 46 byggeprosjekt pr år ( nesten eitt i veka) tre store tørrdokker, og 14 Goliat- kraner der vi har ei, er det å forstå at er tøff konkurranse. Dei har bygd infrastruktur og eit gedigent verft på nokre få ti-år. Det fortel oss at vi må legge forholda best mogeleg tilrette for at norske verft i framhaldet skal kunne hevde seg i verdstoppen.

Postet:
2023-01-27 15:13:46

Delt innhold:
Photos from Liv Kari Eskeland's post