Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Høgre skal utvikle og fornye mineral-politikken, og kollega Bård Ludvig Torheim og eg har hovudansvaret for dette arbeidet. \n \nI dag har vi hatt oppstartsmøte, og gjennomført ei mineralhøyring med ulike aktørar innan mineralnæringa. Over 30 ulike lag og organisasjonar møtte opp, og kom med sine synspunkt og innspel til korleis næringa kan utvikle og vekse, samt bli ei endå meir berekraftig næring. Mange ulike organisasjonar og interesser var representert, som store og små bedrifter knytt til nærings-kjeda på ulikt vis, utdanningsmiljøa (NTNU), offentlege etatar (NGU), fleire miljøorganisasjonar, og samiske interesser.\n \nHovudtrekka er klare. Vi treng svært, svært mykje mineraler skal vi få til det grønne skiftet. Kina kontrollerer store delar av mineralresursane i verda, og vi er nøydd til å vere meir sjølvforsynte i framtida. Vi må ha eit sterkt fokus på bærekraft i mineralnæringa, og fokus på sirkulær- og gjennvinningsøkonomien. Eit gjennomgåande tema var òg at prosessane knytt til etablering av mineralprosjekt, tar unødvendig lang tid - noko ingen er tent med.\n \nNår begynner arbeidet til Bård Ludvig og meg for alvor, og vi skal i løpet av våren få forankra ein endå bedre mineralpolitikk i partiet vårt.

Postet:
2023-01-26 17:24:27

Delt innhold:
Photos from Olve Grotle's post