Innlegg:
Kvifor er det som skjer i India viktig for oss ? \n\nDet som skjer med energiproduksjon, næringsliv og avfallshandtering i eit land med 1,4 mrd menneske påverkar oss alle. \nDenne vinteren har India passert Kina i folketal. \nVi lukkast ikkje med å stanse klimaendringar og forureining utan at India lukkast.\n\nForrige veke var Energi og miljøkomiteen i India. \nEg vart overraska over kor mykje som bind India og Norge saman gjennom forskning og samarbeid på energi og miljømrådet. \nIndia har ein lang veg å gå med å få til fungerande avfallshandtering, men det vi såg i Goa og Mombay gir håp. \n\nVi fekk møte politikarar i energikomiteen i parlamentet, næringslivsfolk, forskarar og miljøaktivister som Down To Earth redaktøren Kontrastene er store i det enorme landet. \nVi vitja tre nasjonslparkar, ein i New Delhi og to i Mombay. Vi fekk sjå korleis klimaendring og forureining frå menneskeleg aktivitet påverkar mangroveskog og kor viktig det er å arbeide godt med lokalbefolkning og sameistens. \n\nHer var særleg arbeidet til Afroz Shah Foundation som Norge støttar imponerande. Korleis dei systematisk arbeidet med : \n- praktisk opprydding av stranda Versova, \n- endring av kultur og haldninger til søppel \n- sameksistens med ville dyr som leoparder \n- gir funksjonshemma og fattige arbeid og verdigheit gjennom oppgåver og ansvar. \n\nÅ vere med juristen Afroz Shah sine folk inn i ein av 34 landsbyer i Nasjonalparken midt i Mombay. Å samle inn og sortere plast, delta på ryddedugnad på Versova Beach, samt \nselje te og vaskepulver i lausvekt i slummen ved Versova Beach var ei stor oppleving. \n\nÅ sjå kor verdig og velstelt folk der levde med lite ressursar og plass, var til stor ettertanke. \n\nDet er berre å la seg inspirere til folkelig innsats som endrar eit samfunn nedanfrå med stor respekt for menneskeverd og miljø. \n\nVi fekk vere med på lansering av energiprosjekt basert på landbruksavfall der NORFUND investerer i lag med det indiske selskapet SAEL. Eit prosjekt som reduserer luftforurensning samtidig som det skaffer meir fornybar energi i nord India. \n\nVi fekk besøke hav og polarforskningsinstituttet i Goa som har tett samarbeid med norske fagmiljø og forskningsstasjon på Svalbard. \n\nVi besøkte solcelleanlegg på taket av ei universitetsbygning og på stasjoner på den nye flotte metroen i New Delhi. \n\nVi besøkte TERI som driv med avansert planteforedling og forskning og produksjon av biobaserte midlar i kamp mot oljeforureining. Utgangspunktet er bakterier som lever av olje. \n\nI Goa har SINTEF samarbeidd med eit lokalt avfallsselskap GWMC ( Goa Waste Management Corporation) som har bygt eit topp moderne avfallsanlegg med plastsortering og biogassproduksjon på eit tidlegare område med deponi. Dei som levde av søppelberget har fått jobber med regulert arbeidstid og lønn, og søppelet blir utnytta og resirkulert. Det var inspirerande å oppleve kor ryddig anlegget var og kor dei hadde handtert luktproblemer med avtrekk, filtrering og luktfjerning med kokosnøttskall. \n\nVi har godt av å møte folk og sjå andre forhold. Det er lærerikt og
Postet:
2023-01-25 10:19:49