Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
JOHAUG TOK VM-GULL I KINA PÅ SANDANE!\n\nI etterkant av benkemøtet i Nordfjord i går, var Erling Sande og eg på besøkt hos Fjordium på Sandane. Det var til å bli glad av, og enormt imponerande👏👏👏\n \nFjordium Performance Institute AS er eit utviklings- og kompetansesenter, som ligg heilt i tet nasjonalt. Senteret har tre (!) Rodby rulleskimøller, innandørs laserskytebane, løpemøller, stakemaskiner og ergometersyklar. \n\nSentersjef Roger Aa. Djupvik & Co kan tester fysiologi og kva det nå måtte vere på dei avanserte møllene, som òg har eit avansert kamerasystem som gjer det mulig for trenarar å følge med på direkte live-video frå kor som helst.\n \nFjordium har tilbod til alle, anten ein er toppidrettsutøvar, trenar for å bli det, para-utøvar, er mosjonist eller rett og slett er på rehabilitering. Alt dette, og meir til på Sandane, altså.\n \nKven som har vore der? På ein måte har dei halde det hemmeleg i innkøyringsfasen, men eg har fått sett bilde av nokre av dei mest kjende idrettsutøvarane våre tar seg skikkeleg ut midt i sentrum av sandane.😅\n\nDet kjem heller ikkje berre ein og ein og trenar. Nei, då. Heile landslag kjem til Gloppen for å få testa seg etc, etc. Under opphaldet nyttar dei sjølvsagt «fritida» til å teste ut alt det andre Gloppen har å by gjestar på. Og det er ikkje lite. Ingen skjer i sjøen, altså? Jo, faktisk; at dei slit med å få nok overnattingsplassar til alle som vil kome.\n \nSå kva er greia med Johaug og VM-gullet i Kina då? Enkelt. Terese Johaug køyrde testrenn på møllene i Gloppen, og ved hjelp av utstyr og skjemar, “trente” ho i løypene som skulle vere i Kina. Ettersom landslaget i tillegg ikkje fekk synfart løypene på vanleg måte pga covid-restreksjonar, var erfaringane frå Sandane – ja, nettopp – gull verdt.\n \nSå gratulerer til Fjordium-gjengen, og Gloppen med sitt framifrå senter🏆

Postet:
2023-01-24 17:17:06

Delt innhold:
Photos from Olve Grotle's post