Person / Aktør:
Landbruks- og matdepartementet (Norge)
Landbruks- og matdepartementet (Norge)

Innlegg:
Matnasjonen Noreg treng dei unge!\n\nFleire norske elevar og lærlingar innan mat- og måltidsbransjen er med på den internasjonale mat- og reiselivsmessa i Berlin denne veka. Det er over 1400 utstillarar frå 60 land på messa, og rundt 400.000 personar er innom for å sjå og smaka.\n\n17 år gamle Emma Husby Ervik, elev fra Stjørdal, er ein av dei norske ungdommane som er med.\n\n- Eg likar godt dei oppgåvene vi får her, og det er ekstra kjekt å komme i kontakt med så mange folk, smiler Emma. \n\nDet er nå ein kampanje for auka rekrutteringa til bransjen. Landbruks- og matdepartement styrkar arbeidet med 500.000 kroner til NHO Mat og Drikke og samarbeidspartnarane deira. \n\n- Dette er eit langsiktig arbeid. Søkjartala til restaurant- og matfag har falle i over 20 år. Det tek tid å snu ein slik trend. Vi ser at kampanjen gir gode resultat, og 2022 var første gong på fleire år at søkjartala stabiliserte seg, seier landbruks- og matminister Sandra Borch, som var til stades under åpninga av messa.\n\nNår det gjeld den manglande rekrutteringa til kokkefaget, har kokkelærlingen Magnus Kroken klare synspunkt:\n\n- Faget må bli mykje meir synleg i grunnskulen. I dag er det kun eitt år med mat og helse på barneskulen, og litt tilfeldig kva ein får med seg gjennom ungdomstrinnet. Då er det ikkje lett å ha tankar for kor vidt dette er ein spanande veg vidare, seier 19-åringen frå Åndalsnes.\n\nLes meir om saka:\nwww.regjeringen.no/id2959805

Postet:
2023-01-24 16:51:23

Delt innhold:
Photos from Landbruks- og matdepartementet (Norge)'s post