Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Besøk hos Bundestag - Forbundsdagen - i Riksdagbygninga i Berlin. Møte med den tyske næringskomiteen, kor energi, gass og minneraler, europeisk samarbeid og NATO var viktige tema. \n\nEg starta innlegget mitt med å fortelje at eg var like i nærleiken av riksdagsbygninga i juli 2014, og såg Die Mannschaft blei verdsmeistrar i fotball på storskjermar saman med 10-tusner av entusiastiske tyskarar. Her blei vi fort samde om at det var ei flott oppleving, og ein verdig vinnar🏆⚽️\n\nInteressa for og kunnskapsnivået om Norge dei tyske kollegaene våre hadde, var imponerande. Ikkje minst gjeld det spørsmål knytt til energi og kraftforsyning. \n\nDet er lett å sjå at dei tyske vennane våre stolar på at Norge er ein stabil og langsiktig energipartnar, og det er noko vi også bør ha for tanken i våre eigne diskusjonar om energi- og kraftproduksjon.

Postet:
2023-01-20 15:55:23

Delt innhold:
Photos from Olve Grotle's post