Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
20. januar var gebursdagen til pappa, og om få veker er det tjue år sidan han døydde.\n\nSjarmøren, stabeistet, kruttønna, underhaldaren og rabagasten Ole Klinge vart fødd på Smøla i 1929.\n\nHjelpe meg, kor lik ho er far sin", utbraut mor mi talande nok då ho såg meg for første gong. \n\nKombinasjonen av utsjånad og eit usedvanleg bestemt og hissig vræl var årsaka. Så det var liv på godt og vondt i heimen. \n\nPappa kunne fortelle historier om tida til sjøs som var så spektakulære at vi aldri visste om dei var sanne. \n\nHan kunne dra fram gitaren i godt lag og ta oss med på fisketur. Han var rett og slett artig på sitt beste, med humoren og humøret sitt.\n\nPerfekt var han likevel langt ifrå. Men det er jammen ikkje eg heller. \n\nEg innser at når eg kan klage på barndommen min og forklare problem eg måtte ha med den, kunne sikkert far min ha gjort det same. \n\nTjue år har altså gått sidan pappa døydde, og eg saknar han enno. Det kjem eg nok alltid til å gjera òg, men dei gode minna er fine å ha.\n\n#minne #foreldre #pappa

Emneknagger:

Postet:
2023-01-20 12:50:48