Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Politisk avstand og diskusjoner er eg godt vant med. Kva skal me prioritere ? Kven skal betale ? Kva regler skal gjelde? Normal politisk diskusjon som det er mogleg å forhalde seg. \n\nDen siste tida har deler av den politiske debatten endra karakter. Normale politiske debatter har blitt overskygga av uenighet om heilt grunnleggende spørsmål som handler om lands eksistens, sjølvråderett, rett til frihet og kamp for menneskerettane. \n\nEg såg i starten av stortingsperioden eit Rødt som var eit friskt pust i politikken. Det er no ingenting ved Rødt som er verken friskt eller spennende. Det er berre mørkt. Det er eit parti tufta på ein farlig ideologi og som i 2023 slit alvorleg med det politiske kompasset. \n\nEit parti som i Stortinget ville overprøve Sverige og Finlands rett til å søke medlemskap i ein forsvarsallianse. Eit parti som er mot at me skal stille opp med våpen til eit demokratisk land som er blitt innvadert. \n\nDet er ingen tvil om at dersom Rødts strategi hadde blitt fulgt av Norge og andre land i Europa - så hadde krigen vært slutt. Russland hadde vunnet. Kyiv hadde vore Putingrad. Ondskapen hadde sigra og me skulle ha sett på utan å hjelpe til med våpen. \n\nEin slik politikk er ikkje berre ein katastrofe for Ukraina. Det hadde sett Norge og i fare. \n\nDet er trist å sjå at den teoretiske hjelpelausheita i møte med verda som prega marxist leninistene har teke bolig i ein ny generasjon Rødt politikere. \n\nI dei fleste saker finnes det argument for og i mot. Ukraina er ikke en vanlig sak - det er ei sak der valet mellom rett og galt. Rødt er etter mitt syn på gal side.\n\nBilete :: Rødt.no

Postet:
2023-01-18 20:48:23

Delt innhold: