Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Ho sikrar pensjonen din! Besøk hos olje-fondet sitt kontor i London.\n\nNicolai Tangen er som kjent dagleg leiar i Norges Bank Investment Management (NBIM) som altså forvaltar oljefondet. Verdast største statlege fond. \n\nI dag besøkte næringskomiteen NBIM sitt kontor i London. Det var interessant, og på mange område svært imponerande. \n\nMåten NBIM set krav til bærekraft til selskapa oljefondet eig i, utan å gå på akkord med avkastningskravet, gir verkeleg rom for optimisme når det gjelde næringslivet sin avgjerande rolle i å nå klimamåla. \n\nDet som også gjorde eit svært positiv inntrykk var rett og slett folka, og den enorme breie og allsidige kompetansen dei som forvaltar pensjonane våre har.\n\nPå det store bildet ser du Carine Smith Ihenacho (og ein politikar som av og til saknar faget sitt). Carine er ansvarleg for området eigarskap og etterleving. \n\nSynest du det er noko kjent med henne? Sett henne som dommar i Kvitt eller dobbelt 📺, men får det ikkje til å stemme heilt? Slapp av, du har nesten rett. Carine er nemleg dattera til legendariske Lucy Smith. \n\nFor mange juristar er ordet Smith synonymt med to sentrale personar i norsk rettsvitskap; Norges første kvinnelege jussprofessor Lucy Smith og høgsterettsjustitiarius Carsten Smith. Dette superjurist-ekteparet har tre døtre, og ja - juristar alle tre. Carine Smith Ihenacho har forresten også ein master både frå Havard og NHH👩‍🎓👩‍🎓👩‍🎓\n\nDet er sjølvsagt svært, svært viktig at oljefondet blir forvalta på ein god måte, til beste for oss alle og kommande generasjonar. Etter det vi såg i dag kan eg ikkje seie anna enn at pensjonane våre er i trygge hender.\n\nNå går turen til Berlin, her medrekna Grune Woche, på denne mini-touren næringskomiteen har denne veka. Sjølv om skule-tysken er litt rusten, skal eg kom med oppdateringar herfrå også🇩🇪

Postet:
2023-01-19 15:58:38

Delt innhold:
Photos from Olve Grotle's post