Person / Aktør:
Barne- og familiedepartementet (Norge)
Barne- og familiedepartementet (Norge)

Innlegg:
At barn og unge får medverke i saker som angår dei, er viktig for å lage god politikk og gode tenester for barn og unge👧👨‍🦱👱\n\nDerfor inviterte barne- og familieminister Kjersti Toppe i dag til innspelsmøte. Unge og vaksne frå meir enn 40 organisasjonar, kommunar og andre aktørar talte direkte til statsråden om kva dei meiner skal til for å involvere barn og unge i saker som angår dei. \n\n- Som statsråd er eg oppteken av å høyre direkte frå dei som er barn eller ungdom om korleis vi kan gjere det enklare å medverke i saker som vedkjem dei. Det er òg viktig å høyre frå vaksne som jobbar med eller for barn og unge om korleis vi kan leggje til rette for barns medverking, seier Toppe.

Postet:
2023-01-17 16:08:52

Delt innhold:
Photos from Barne- og familiedepartementet (Norge)'s post