Innlegg:
Eit vanvittig pengesløseri når 100 mill kr blir brukt til planlegging av Møreaksen i 2022, medan E-136 Romsdalen ikkje blir starta opp å bygd pga Nye Veier as manglar pengar.\n\nFør Møreaksen står prosjekt for meir enn 90 milliard kr i køa, og dette blir mellom 100-150 milliard kr med dagens kostnads og prisvekst om få år.\n\nMed andre ord, det er fleire tiår til ein kjem fram til dette nivået, og realiteten er at no må også trafikktrygging få sterkare fokus med heile 118 dødsulykker sist år.\n\nSterkare satsing på vegvedlikehold, utbygging av farlige vegstrekninger og veipunkt, nybygg av vegar med høg trafikk, dårleg standard er nødvendig for å få ned ulykkene, og faktisk byggje veg der næringslivet har behov for dette.\n\nE-39 Veibust- Blindheim -Moa og E-136 Romsdalen er døme på dette i vårt fylke, andre stadar ser vi at til dømes del 2 på E-18 må utsetjast på grunn av pengetørke frå regjeringa, med sine over 85000 bilar i døgnet forstår alle at dette er håplaust.\n\nAndre stadar har vi rassikring, E-6 , E-134, E-16 og mange større fylkesvegar som også må prioriterast.\n\nUansett kan ein ikkje sløse vekk skattebetalarane sine pengar på ei fjordkryssing over Romsdalsfjorden med kun 2300 bilar i døgnet, eit prosjekt som folket ikkje vil ha, og som aldri burde vore brukt ei kr på.
Postet:
2023-01-16 20:08:46
Delt innhold:
Møreaksen endeleg snart historie?
Statens vegvesen har fått bruke 100 million kr til planlegging av Møreaksen i 2022, medan Nye Veier AS ikkje får...