Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Det er ikkje så mykje som kan måle seg med kjensla av å tabbe seg ut litt. Av og til er det så uskyldig at det vert ei litt god historie. \n\nEg har i går og i dag vore ansvarleg for å leia ei todagers samling for Senterpartiet sine folk på stortinget og i regjering. Det inneber mellom anna ansvaret med å takke føredragshalderane. \n\nFyrste eksterne føredragshalder var kommentator i Klassekampen Bjørgulv Braanen. Innlegget var både reflektert og godt. \n\nDå han var ferdig var det tid for takking. Han skulle få gåve. Gåva var jubileumsboka «Nær folk gjennom 100 år.» \n\nDå eg drog fram boka vart det litt humring frå enkelte i salen. Bjørgulv bøyde seg mot meg og sa noko viktig og oppklarande. Det ga seg straks utslag i kraftig og langvarig rødming: \n\nBjørgulv Braanen er ein av forfattarane som har skrevet jubileumsboka...\n\nDet var flott å sjå gleda alle hadde av å få le av meg 🥳

Postet:
2023-01-13 13:30:12

Delt innhold: