Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
I helga kom Høgre med 12 forslag for å få på plass meir fornybar energi, noko dei fleste fagmiljø meiner er heilt nødvendig skal vi unngå kraftmangel i 2030. Forslaga handlar om vindkraft, solenergi, vasskraft, energieffektivisering og nett. \n\nEg har skrive om dette, og om planane Hydro, Evny og Zephyr har om "Snøheia Industrikraft" i Høyanger og Sunnfjord kommune. Eg skriv at eg er avventande positiv til prosjektet, men "avventande" fordi eg ikkje kjenner godt nok til prosjektet og konsekvensane dette vil få, og fordi eg har stor respekt for at det er kommunane som skal behandle og eventuelt gi klarsignal. \n\nEg skriv òg at saksbehandlinga må finne stad etter det nye og strengare regelverket, og vidare at det er avgjerande at ein set strenge krav om grundige utgreiingar av natur- og miljøkonsekvensar, og at desse interessene blir vektlagt i samsvar med lovgiving og dei (internasjonale) pliktene vi har på dette området.\n\nDet er mange som er opptatt av vindkraft på land, og det er òg mange som har klare og sterke meiningar. Det synest eg er heilt flott, og høyrer heime i eit lokaldemokrati. Skal ein kunne lande slike store og viktige saker på ein god og ryddig måte, er det etter mitt syn svært viktig at vi har gode, demokratiske prosessar. Det meiner eg eit nytt regelverk må legge opp til, og eg kjenner med trygg på at dei to kommunane vil handtere dette på ein god måte.\n\n

Postet:
2023-01-12 16:24:10

Delt innhold:
Høgre og vindkraft på land
Før nyttår sende Statnett klare åtvaringar til Olje- og energidepartementet om at Norge styrer mot eit effekt- og kraftunderskot innan få år. Andre sterke fagmiljø både i det offentlege og i næringslivet vårt har òg peika på det same, og det er vist til at dei ambisiøse klima- og industr...