Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Grunnlovsdebatt i Stortinget i dag🏛 Endring av Grunnlova er ikkje til å spøke med, og krev derfor særlege saksbehandlingsreglar✍🏼 Eit forslag må bli vedtatt av to ulike valde Storting, alle «må» vere til stades, og eit vedtak må oppnå 2/3-fleirtal.\n\nVed forslag som ser ut til å få fleirtal, brukar ein heller ikkje det vanlege tekniske voteringssystemet. Då er det rett og slett namneopprop, kor svaret må vere ja eller nei. \n\nI dag hadde vi eit slikt forslag som gjaldt eit kurant punkt om opplysningsvesenets fond, og alle svarte høgt og tydeleg ja! \n\nFor oss som slit med å hugse namn, er ein slik voteringsmåte også ein fin måte å få repetert namna på alle kollegaene våre😊

Postet:
2023-01-12 18:57:39

Delt innhold: