Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Les om dusjkabinettet som vart eit skrekkabinett: \n\nVekas høgdepunkt oppstod på eit hotellrom i Tromsø. På eit veldig kaldt hotellrom. Teikninga vart laga på siste flyet heim seint i går kveld, med turbulens og sjølvsagt sterke følelsar involvert, det må de ta i betraktning😆 \n\nNatt til fredag: Eg var iskald der eg låg og prøvde å få sova under to dyner. Særleg føtene var kalde, men heile skrotten kunne vorte definert som eit lik etter kroppstemperaturen å dømme.\n\nDå eg ikkje hadde sovna enno i 02-tida, måtte eg finne ei løysing. Badet var like kaldt som resten av hotellrommet, men dusjen kunne jo by på hurtigoppvarming til føter og leggar, tenkte eg.\n\nEg hutra meg inn på badet og inn i dusjen, der eg såg eit heilt normalt dusjhovud som eg tok ned frå haldaren. Så skrudde eg vatnet på for fullt for å vente på skikkeleg deilig varmt vatn.\n\nDette var jo midt på natta og eg var delvis i koma, så det tok nokre sekund før eg klarte å seie faen i steike helvete: \n\nDet enno veldig kalde vatnet kom nemleg ikkje ut av dusjhovudet eg stod og flørta med, men frå ein heil himmelkvelving av ein dusj i taket. \n\nVekas høgdepunkt var altså ei skrekkoppleving nattestid, men eg klarte heldigvis å sjå komikken allereie rett etter sjokkopplevinga. \n\nGod helg folkens🤩

Postet:
2023-01-07 18:37:51