Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Næringslivets Hovedorganisasjon sin årskonferanse i Oslo Spektrum i dag: Knallsterkt program med krigen i Ukraina som dystert bakteppe for det meste.\n\nNATO sin generalsekretær Jens Stoltenberg var glitrande både retorisk og i sin alvorlege bodskap: Eit sterkare felles forsvar og meir samarbeid i Europa er vår viktigaste garanti for varig fred – og Ukraina må få våpenhjelpa dei treng for å hindre Putin i å vinne sin brutale angrepskrig.\n\nTysklands nærings- og klimaminister og Visekansler Robert Habeck var takksam for norsk gass som ei «nødløysing» akkurat no – men var samtidig heilt tydeleg på at olje og gass ikkje er framtida for verken Tyskland eller resten av Europa. Den framtida er 100% fornybar – og hydrogen-teknologi blir det neste store industrielle samarbeidsprosjektet mellom Noreg og Tyskland.\n\nOgså honnør til NHO for å sørge for at mange små og mellomstore bedrifter frå heile landet fekk sleppe til frå scena – med m a Hanne Lundborg i Gratanglaks AS som ypperleg representant for eit kyst-næringsliv som no verkeleg merkar på kroppen Ap/Sp-regjeringa si manglande forståing for at verdiar må skapast før dei kan delast. \n\nEg deltok også på eit eige lunsj-arrangement for små og mellomstore bedrifter, der alle eg snakka med var djupt frustrert over at næringslivet i nasjonale media og i politisk propaganda blir framstilt som (og representert av) «bortskjemte rikingar» - medan kvardagen ute i bedriftene er totalt annleis.\n\nDagen vart glitrande losa gjennom av Torbjørn Røe Isaksen (E24.no) og Anne Aase Rokkan (Dagens Næringsliv, eks-BT). Dei hadde nødvendig humor, snert og sjølvtillit til å sette farge og temperatur på eit elles alvorleg program.\n\nGod start på eit nytt år – ein dag til å bli klokare av.

Postet:
2023-01-05 18:05:03

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post