Innlegg:
Eg vil med dette få ønske alle mine venner og familie, eit riktig godt nytt år 😊🎉🇳🇴🍾\n\nÅret 2022 som snart er over har vore for meg og min familie eit spesielt og aktivt år.\n\nVi har fått eit nytt familiemedlem, Exo Sort elghundvalp som nå er 7 mnd gammel, ein skikkeleg «rakkar» som har fått gamlehunden vår Varg på 9 år til å blitt fleire år yngre😉\nMen, snill og lydig valp, som det garantert blir skikkeleg jakthund av👍\n\nSivert vår yngste sønn på 23 år vart ferdig med byggingeniør studier og har begynt i jobb hos PEAB Nordang as på Stranda, og får brynt seg frå dag 1 i nye utfordringar med sine oppdrag, kjekt å sjå Sivert i jobben han ser ut til å storttrivast i. Klart å få han med på skytebana og på jakt igjen, så det er bra ja😊\n\nEdvard vår eldste son på 25 år er aktiv i sin jobb som byggeleiar for Optimar, reiser innlands og utlands på oppdrag året rundt, og har det tydeligvis også flott i sitt yrke. Egen gård har han kjøpt seg, med både eigne dyr , ein større hønseflokk, 2 haner og 2 katter, så har han nok å ta seg til. Ivrig med å lage ved for salg og ikkje minst ivrig på jakt. Misunner han stort å bu på denne flotte gården😉\n\nMartine vår datter på 19 bur på Kløfta og er landskagsskytter, der ho i år presterte å ta VM sølv i Egypt /Kairo i match 50 Mix OL øvelse. Denne medaljen henger sjølvsagt høgt og er noko vi verkelig unner Martine stort. Dette har ho arbeidd for svært lenge, men mykje skal klaffe for å gå opp på pallen i ein av verdas største idrettar i eit verdsmeisterskap. Berre å « bøye seg i hatten» for ein fantastisk prestasjon. Vidare framover blir det nok meir satsing fram mot nye meisterskap og studiar etter kvart.😊🎯\n\nMi kjære Gro Anita holder skansen heime, når dei fleste er ute på reise, jobb osv og eg i Oslo.\nGro Anita er ei fantastisk dame, med ein arbeidskapasitet som få kan oppnå. Styrar i privat barnehage, aktiv kommune og fylkespolitikar, to hunda å passe i tillegg til å hjelpe Edvard med tilsyn av gården/dyra, blir det ikkje noko rolig tilværelse.\nVi er alle berre utruleg glade i og stolt av den fantastiske dama her🥰😍\n\nMeg sjølv er det ikkje stort å seie om, gjer så godt eg kan, \n\nMen, det er begredelig å leggje bak oss eit år der dagens SP og AP med Vedum og Støre i spissen ser ut til å ha som mål å plukke ned vårt gode fedreland til fordel for Europa, \n«og Høgre kan ingen nevne»\n\nNei, eg har mykje eg burde sagt ikring dette, men velger å konsentrere meg for kommande kommune og fylkestingsvalg, som vi skal vinne stort her i Møre og Romsdal. Det blir det viktigaste framover no, vi trenger nytt styre i både kommunar og fylke !\n\nDette var litt oppsummering av året som har gått, så får vi no ha fokus på året som kjem.\n\nIgjen, riktig godt nytt år til alle👍😊🎉
Postet:
2022-12-31 15:59:59