Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
NRK har i dag ein sak om at WWF meiner oljeskattepakka kostar 30 milliardar kroner i tapt skatt. \n\nFor ei stund tilbake hadde FrP eit utspel om at statsbudsjettet for 2023 skapte «fest i Moskva». \n\nDenne konkurransen mellom dei ulike fløyane om å nytte dei største orda tener korkje landet eller næringslivet. \n\nFormålet med oljeskattepakken var å skape auka aktivitet. Det har skjedd - og så har regjeringa/stortingsfleirtalet justert pakka og oljepolitikken noko. Det har skjedd innanfor føreseilege rammer og teke høgde for at verda har endra seg. \n\nDet er viktig i den tryggleikspolitiske situasjonen me står i at demokratiske land sin andel av olje- og gassproduksjonen. \n\nDet er berre tull det som FrP hevdar om «fest i Moskva». Det er problematisk retorikk, på samme måte som det var problematiske realiteter då Frp saman med MdG gjekk mot ei ny utforming av oljeskatten. Me fører i staden ein politikk til beste for Norge og Europa.\n\nNorge, kysten og næringslivet treng ein stabil olje- og gasspolitikk. Ikkje for å skape fest, men for å trygge arbeidsplassane og verdiskapinga. Difor er det no så gledeleg at det kjem melding frå det eine verftet etter det andre langs kysten at dei er sikra oppdrag og arbeid i åra framover. \n\nSå vil framtida vise om me vil tape 30 milliardar i skatt eller om me vil få ytterlegare påfyll til dei 12 440 milliardane som no står i oljefondet. \n\nFor hadde me skrota pakka no så ville fleire av investeringar ha falt bort. Og så skal dei få betale skatt når inntektene kjem. Det er fort gjort å gløyme at oljeselskapa betaler 78 % skatt. \n\nI urolige tider er eg heilt overbevist om at det er viktig at landet styres av ei regjering som ikkje har interne kamper om å vera for eller i mot olje. Men som evner å utvikle næringa og samstundes danne fleirtal og halde framdrift på sakene i Stortinget. Det er lønsamt for landet og bra for folk både i og utanfor næringa.

Postet:
2022-12-23 09:57:40