Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Eg fekk ein e-post av ein innbyggar som hadde motteke brev frå Lyse om at dei no skrur opp prisane på nærvarme. Det er ganske drøyt og grådig det Lyse no gjer. \n\nNærvarme frå Lyse har i alle år vore dyrt, men sikra med ein makspris. No fjerner Lyse makstaket på 150 øre kWt og innfører ein pris per kWh som er: \n\nStraumpris (hensyntatt strømstøtte) per kWh + 100 øre per kWh + 39 kr måned. \n\nLyse skylder på staten og argumenterer med at: «Dette fører til at prisen vi betaler for å levere nærvarme til deg er mye høyere enn prisen du betaler» \n\nDet er grunn til å minne Lyse om at det nettopp er i slike situasjoner makspris har ein funksjon. Og at logikken halter enda meir når vi veit at same selskap på same rekning tek mange kroner for ein kWh straum som det koster dei ein god tiøring å produsera. \n\nFolk som er tilkopla nærvarmeanlegg er stort sett tvungne til å vera det. Lyse har monopol - men av ein eller anna grunn er nærvarmeanlegg ikkje regulert på same måte som fjernvarmeanlegg der det er ein regel som seier at dei må selge varmen til same pris som straum.\n\nLyse sitt grep her er ein oppfordring til strengare regulering av nærvarmeanlegg. I monopol bør det alltid vera regler som hindrer grådighet. \n\nKonsekvensane av det Lyse gjer no er at det vert meir lønsamt å kjøpe varmepumper og varmtvannsberedere - det er neppe samfunnsmessig fornuftig. \n\nPS: Innlegget her er basert på ein epost frå ein frustrert innbyggar. Eg gjer merksam på at eg sjølv og bur på eit bustadfelt der Lyse har monopol på varmetilførsel.

Postet:
2022-12-23 10:26:19