Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
"Vi har fått ei regjering der små og store private bedrifter ikkje lenger har kjensla av å vere med å bygge landet, men av å vere nokon regjeringa ønsker vekk. Venstre sitt budsjettforslag har ein radikalt annan kurs for å legge til rette for framtidas verdiskaparar. Vi trur på mangfaldet, skaparkrafta og dei gode ideane. Vi treng ein offensiv, grøn næringspolitikk som ser framover."\n\nDet er noko av det eg sa i mitt hovudinnlegg for Venstre i Stortingets debatt om Næringsbudsjettet 2023: Her kan du sjå (eller lese) heile innlegget: \n--- \n\nInnlegg i Stortings-debatten om Næringskomiteen sin del av statsbudsjettet, 19. desember 2022, Alfred Bjørlo, Venstre \n\n"Før eg kom på Stortinget, jobba eg 14 år med næringsutvikling, og møtte i løpet av dei åra hundrevis av bedrifter. Små bedrifter, store bedrifter, velstrukturerte og meir kaotiske bedrifter, i bygd og by, i alle bransjar som tenkast kan. \n\nEin ting kan eg med handa på hjartet seie er felles for alle: Dei er stolte av det dei driv med, og dei opplever at dei bidreg til fellesskapet. Skaper jobbar, lagar ting og tenester folk treng, prøver å fornye seg og bli grøne, bidra i lokalsamfunnet der dei held til med smått og stort. \n\nKort sagt: Dei er ein del av Noreg.\n\nMen no held noko på å endre seg. \n\nVi har fått ei regjering og eit nytt stortingsfleirtal som ser ut til å trekt ein strek i sanden mellom det offentlege og det private. Eit raudt fleirtal, med Ap, Sp og SV som det spelande laget på bana og med Raudt springande ivrig langs sidelinja som coach og inspirator, som ser på det private som eit problem som må nedkjempast. \n\nSom velferdsprofitørar. Som laksebaronar. Eit fleirtal som snakkar om stor-reingjering, underforstått at det private næringslivet er møkkete frå inst til ytst. Om å «Ta kampen mot det kommersielle». Om at «Hver person som flytter til Sveits, motiverer oss». Eller som påstandane frå representantar for Arbeiderpartiet i ein budsjettdebatt sist veke: «En krone mer til private, er én mindre til det offentlige».\n\nPresident, dersom denne forvridde framstillinga av røyndomen får feste seg, er vi ille ute som samfunn. Nyleg trekte ein av Vestlandets fremste næringslivs-byggarar, Tore Ulstein, seg frå Næringsministerens prestisjeprosjekt Nasjonalt Eksportråd. «Avstanden mellom regjeringens liv og lære har blitt for stor. (..) Er det slik at norske eiere ikke er ønsket? Det er slik det føles nå» sa Tore Ulstein. \n\nOg han har ikkje ein gong trua med å flytte ut. \n\nPresident, her er vi ved kjernen av problemet med dagens regjering sin næringspolitikk. Vi har fått ei regjering der små og store private verdiskaparar landet rundt ikkje lenger har kjensla av å vere med å bygge landet, men av å vere dei regjeringa ønskjer vekk. Av å vere dei som blir plassert «på utsida» av den stadig snevarare sirkelen rundt Arbeiderpartiet og Senterpartiet, LO og Noregs Bondelag sitt leirbål.\n\nOver 80% av norske bedrifter meiner regjeringa fører ein politikk som i svært liten eller liten grad tar omsyn til dei. Særleg går det ut over småbedriftene. \n\nRegjeringa har slept beina etter seg i å hjelpe småbedriftene med høge straumprisar, og har enno ikkje fått gode nok ordningar på plass. Skattenivået blir skrudd opp og opp, i prosessar som er så uføreseielege og brå at dei er i ferd med å setje Noreg sitt truverde som investeringsland for nye grøne næringar på spel. Og skattane som rammar distrikts-næringslivet hardast, blir auka mest. \n\nJa, til og med det vanvittige forslaget om ein ny «straffeskatt» på 7 milliardar kroner på bedrifter som tilset folk med høg utdanning har sklidd gjennom med SV si støtte – og vil bli ein brems på grøn omstilling og fornying av Noreg i lang tid framover. \n\nPresident, Venstre sitt budsjettforslag har ein radikalt annan kurs for å legge til rette for framtidas verdiskaparar. Vi trur det er mangfaldet, skaparkrafta og dei gode ideane som kan skape ein moderne, grøn kunnskapsøkonomi. Då må vi legge godt til rette for å starte og utvikle bedrifter, og setje meir privat kapital i arbeid for å få gode idear til å vekse. Vi treng ein næringspolitikk som ser framover. Vi treng ein næringspolitikk for dei mange små, ikkje berre for dei store få. \n\nI Venstres alternative statsbudsjett reduserer vi utbytteskatten, vi seier nei til å auke arbeidsgivaravgifta og vi endrar formuesskatten ved å skatte eigedom litt meir og verdiskaping litt mindre. Venstre vil gjeninnføre ordninga med skattefri fordel når tilsette kjøper aksjar i eiga bedrift. Det spreier makt og kapital og bygger bedrifter med lokalt eigarskap. Venstre aukar satsinga på forsking og utdanning, vi aukar tempoet i breibandsutbygginga og satsar meir på digitalisering og innovasjon. \n\nVenstre foreslår å styrke kapitaltilgangen for grøne vekstbedrifter ved å tilføre meir pengar til Nysnø, Miljøteknologiordninga og Grøn plattform. Og vi styrkar Katapult-ordninga til SIVA, som gir tilgang til felles testfasilitetar for det nye, teknologitunge næringslivet over heile landet. \n\nPresident, eg er overtydd om at Venstre sitt alternative budsjett er rett medisin for å skape større verdiar og fleire private arbeidsplassar i åra som kjem – over heile Noreg. \n\nMen politikk er ikkje berre tal. Det er også ord. Det er skilnad på om du blir kalla verdiskapar eller velferdsprofitør. Om du blir kalla bonde eller baron. Om du blir sett på som ein som bygger Noreg opp – eller ein som bygger Noreg ned. \n\nPresident - privat verdiskaping, grunderskap og bedrifter som veks og lukkast er ein del av den store historia om Noreg, og blir viktigare i åra framover enn nokonsinne. Venstre skal ta kampen for verdiskaparane – for dei mange små, ikkje berre for dei store få – over heile landet.

Postet:
2022-12-20 16:18:28