Person / Aktør:
Abid Raja
Abid Raja
Parti: V

Innlegg:
Sterkt sak, og ekte berørende bilde som viser genuin norsk engasjement. Takk @AHuitfeldt som kjemper for at alle kvinner skal ha rett til utdanning, også de afghanske. https://t.co/WrCfP29xZu

Postet:
2022-12-21 07:50:56

Delt innhold:
Huitfeldt djupt bekymra for kvinne-forbod på universitet i Afghanistan
Noregs utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) møtte ein gråtande aktivist då ho kom til FN i New York i dag. Ein drøy time seinare kom nyheita aktivisten hadde frykta, universiteta stenger for alle kvinner og jenter i Afghanistan. – Dette er jo heilt skrekkeleg. Alle kvinner har rett til utdanning. Dette tapar også det afghanske samfunnet på, seier Huitfeldt til NRK. Ho kjem rett frå eit møte med to afghanske kvinnerettsforkjemparar. Meldingane om avgjerda til Taliban tikka inn under møtet i FNs sikkerheitsråd i New York, der Huitfeldt deltok. – Då møtet var over møtte eg denne kvinneaktivisten som snakka for rådet, og me stod utanfor å klemte kvarandre. Ho seier at me må fortsetta å engasjera oss for kvinner i Afghanistan, og dette er noko me ikkje kan aksptera, seier Huitfeldt. Kvinneaktivisten Huitfeldt klemte heiter Habiba Sarabi, og er tidlegare kvinneminister og guvernør i Afghanistan. Den andre aktivisten ho møtte heiter Mahbouba Seraj. Ho seier det har vore vanskeleg å jobba i