Innlegg:
Det var med stor sorg eg fekk bodskapen om at vår gode Bjørn frå Hjelmeland har gått bort. \n\nEi sterk og tydeleg røyst heilt til det siste, og det var ikkje sjeldan dei siste månadane at eg både fekk tilbakemeldingar om sakar han brente for og oppdateringar på kvardagen. I lokalsamfunnet og i heile Rogaland er det tydeleg at mange har sett stor pris på engasjementet, spesielt for dei i sårbare grupper. Hjarta var stort, og han betydde så masse for så mange. \n\nKondolansar til Aud og dei tre barna som mista mannen sin og pappaen sin så altfor tidleg 💚 Saknet kjem til å bli stort.
Postet:
2022-12-17 11:41:07