Person / Aktør:
Frank Sve

Innlegg:
Offentleg sløseri på sitt værste!\n\nFylkeskommunen i Møre og Romsdal eser ut som ein ballong, haugevis av byråkratar blir setandes igjen sjølv om arbeidsoppgavene blir kutta.\n\nDet meste av samferdselsbygging og investeringar skal leggjast på is, men dei heil 133 stillingane som samferdselsavdelinga overtok frå Statens vegvesen blir ikkje gjort noko med.\n\nFylkeskommunen lever i «sus og i dus» gjekk med 400 mill kr i overskot sist år, ligg ann til ca 200 mill kr i år.\n\n- likevel kuttar SP, AP og resten av raudingane ned på ferjedrifta i fylket, medan fylkeskommunen ellers lever i sus og i dus!\n\nSP og Ap i praksis😡\n\n———//————//———————-//———-\n\nEi fylkeskommune i «sus og i dus»\n\n« Fylkesrådmannen skal stoppe det meste av samferdselsbygging, kva i all verdens rike skal fylke då med dei 133 stillingane dei overtok frå Statens vegvesen?»\n\nAlle kommunar og næringslivet ellers i fylket sliter voldsomt med bakgrunn i regjeringa sin handlingslamma politikk. \n\nKommunane må kutte stillingar og oppsigelsar i privat næringsliv er resultatet etter dagens regjering.\n\nStraumprisane har gått fullstendig «bananas» drivstofforisane til himmels og skatterekord, grunnrenteskatt i julegave frå Vedum og Støre gjer vondt værre.\n\nMen, Møre og Romsdal fylkeskommune lever i «sus og i dus» !\n\nSist år med ca 400 mill kr i overskot og no ligg ein ann til ca 200 mill kr i overskot i 2022.\n\n«Fylket renner over av byråkrater, og det er fantastisk når fylkesrådmannen ikkje kuttar eit komma i eigne rekker, medan arbeidsoppgavene blir tatt vekk»\n\n- kva skal dei då drive med var mitt spørsmål i fylkestinget?\n\nMen, dette vart for hard kost for raudingane som sjølvsagt ikkje kan kutte eit tøddel i byråkratiet, men kutte ferjetilbudet rundt omkring i fylket er heilt greit.\n\nArbeidsgjevarrolla var viktig meinte enkelte frå AP, \n- politikarane har etter ny kommunelov kun arbeidsgjevarannsvaret for fylkeskommunedirektøren, absolutt ingen andre.\n\nKvar eg logikken, kutte i viktig infrastruktur for vanlige folk og næringslivet medan fylket set med haugevis av byråkratar ein ikkje har behov for? \n\nVi ser forøvrig det same i frå Sp, AP og SV i regjering, som kuttar absolutt alt anna og aukar skattane til himmels, men rasjonaliserer og kuttar ikkje ei kr i offentleg sektor.\n\nVi trenger no ei alvorleg «slanking» av fylkeshuset på Molde, administrasjonen må være i takt med verkelegheita.\n\nNår investeringane skal kuttast kraftig ned, må også ant stillingar i dei ulike sektorene gjere det same, nemleg kuttast kraftig ned.\n\n«Offentleg slik som fylkeskommunen forbrukar midlane som privat næringsliv skapar, såleis må det stillast strenge krav til pengebruken og effektivitet»\n\nFrP meiner fylkeskommunen burde vore lagt ned.\nIstaden ser vi at raudingane sørger for at fylkeskommunen eser ut med byråkratar og millionane flagrar.\n\n«Så igjen, kva skal byråkratiet på fylkeshuset i Molde styre med, når samferdselsbygginga og framtidige investeringar omtrent skal stoppast heilt opp?»\n\nMvh\nFrank Sve\nFylkestingsrepresentant\n1 nestleiar i Transport og Kommunikasjonskomiteen \nStortingsrepresentant \nfor FrP

Postet:
2022-12-14 09:09:24