Person / Aktør:
Lisa Marie Ness Klungland - Stortingsrepresentant Senterpartiet

Parti: SP

Innlegg:
Nå avviklar me ordninga Fritt behandlingsval! \n\nPrivate og ideelle organisasjonar og stiftingar har kunne få godkjenning til å tilby behandling. Avviklinga betyr ikkje at du ikkje framleis kan velja behandlingsstad eller at mangfaldet forsvinn. Mange av desse har allereie fått avtalar med sjukehusa, og i tillegg utviklar me Fritt sjukehusval. \n\nI debatten peikte eg på ei av utfordringane, nemleg moglegheitene våre til å ha tilsyn med og kvalitetssikra behandlingstilboda! \n\n"Det me brukar fellesskapets pengar på må me ha innsyn i. Dei tenestene som skal hjelpe dei mest sårbare, må me ha innsyn i. Som sjukepleiar blir eg sint når eg høyrer historiar om folk som får behandling på institusjonar utan kompetanse, om pasientar med rusutfordringar som blir skjenka av personale og om institusjonar som blir lagt ned på grunn av manglande lønsamheit, og med det set sårbare pasientar på bar bakke. Sånn behandlar me ikkje folk i dette landet!" \n\nDet har heller ikkje vore rett at dyktige ideelle tilbydarar skal konkurrera på marknaden mot til dels useriøse aktørar. I Noreg skal me tilby den beste behandlinga me kan gje. Difor er eg glad for avtalane som sjukehusa nå gjer. \n\nMeir informasjon her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/regjeringen-avvikler-fritt-behandlingsvalg/id2937731/

Postet:
2022-12-13 20:45:14

Delt innhold: