Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
Nyleg besøkte statsminister @jonasgahrs bedrifta SumTrans i Førde. Dei bistår Sunnfjord Miljøverk med innsamling av avfall.\n \nSumTrans har tatt inn fleire unge som har kome i arbeid gjennom eit prosjektsamarbeid med NAV og Helse-Vest. Ein av dei har nyleg fått fast jobb.\n \n– At arbeidslivet er ope og inkluderande er veldig viktig, og særleg er det viktig å få unge menneske ut i arbeid og aktivitet. Det er inspirerande å sjå korleis dei her på SumTrans jobbar med dette. Vi foreslår å styrke innsatsen med Individuell jobbstøtte og vi innfører ein ny ungdomsgaranti i NAV i 2023 for å sikre at unge som treng hjelp til å kome i arbeid får rask og tett oppfølging, seier statsministeren.

Postet:
2022-12-13 12:07:15