Innlegg:
Bedrifta SumTrans i Førde har tatt inn fleire unge som har kome i arbeid gjennom eit prosjektsamarbeid med NAV og Helse-Vest. Ein av dei fekk nyleg fast jobb. \nStatsminister Jonas Gahr Støre besøkte bedrifta som bistår Sunnfjord Miljøverk med innsamling av avfall. \n\n– At arbeidslivet er ope og inkluderande er veldig viktig, og særleg er det viktig å få unge menneske ut i arbeid og aktivitet. Det er inspirerande å sjå korleis dei her på SumTrans jobbar med dette. Vi foreslår å styrke innsatsen med Individuell jobbstøtte og vi innfører ein ny ungdomsgaranti i NAV i 2023 for å sikre at unge som treng hjelp til å kome i arbeid får rask og tett oppfølging, seier statsministeren.\n\nLes mei om ungdomsgarantien her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/budsjett-ungdomsgaranti/id2930065/
Postet:
2022-12-13 13:48:26