Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Modum Bad: Ei kjelde til liv, som ikkje må byggast ned!\n\nI dag besøkte Guri Melby og eg Modum Bad i Buskerud – eitt av Noregs største og mest respekterte fagmiljø på behandling av angst, depresjon, traumer og spiseforstyrringar med over 300 tilsette. Og eit fantastisk flott anlegg med over 100 bygningar og store friområde (inkludert skule/barnehage slik at dei kan ta imot familiar i familieterapi), og 65 års historie i ryggen.\n\nNo står Modum Bad i fare for å måtte bygge ned og kutte i tilbod neste år, fordi Ap/Sp-regjeringa «over natta» fjernar tilbodet om Fritt Behandlingsval, som har gjort det mulig for dei som slit mest med psykiske lidingar og rus å få eit mangfaldig tilbod på institusjonar av høg kvalitet som Modum Bad, Vangseter og andre private/ideelle tilbydarar av tenester.\n\nVenstre er sterkt imot det kuttet i tenestetilbod innanfor psykisk helse og rus som regjeringa no gjer, der ein institusjon som Modum neste år ligg an til å måtte kutte sitt tilbod med om lag 10%. Og det i ei tid kor vi tvert imot treng sterkare satsing på å hjelpe folk som slit med psykiske lidingar.\n\nVårt minstekrav er at avviklinga av Fritt behandlingsval må utsetjast til alternative tilbod er på plass – og/eller det er på plass langsiktige avtaler med nødvendig kapasitet med framifrå private/ideelle institusjonar som Modum Bad.\n\nUansett er eg glad for at vi tok turen til Modum i dag, og fekk sjå med sjølvsyn dette fantastiske anlegget som har hjelpt så mange menneske over heile landet til eit betre liv sidan dei opna i 1955. Tusen takk til direktør Kari-Jussie Lønning og hennar folk som tok imot oss i dag. Vi i Venstre skal gjere vårt for å sikre framtida for Modum Bad!

Postet:
2022-12-12 22:26:55

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post