Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
Dei næraste dagane får 230 000 studentar e-post fra lånekassen med tilbod om å søke om 1500 kroner i straumstipend. 💰\n \nStipendet er for studentar som ikkje bur heime og som betaler for straum utanom husleiga. Alle som oppfyller kriteria får støtte, uavhengig av kor mykje dei betaler i straumutgifter.\n \n– Eg er glad for at vi også har fått på plass ei støtte til studentane denne hausten. Den nye økonomiske røyndommen som det siste året har treft heile samfunnet, har også ramma studentane hardt. Stipendet på 1500 kroner kjem på toppen av den ordinære straumstøtta alle norske hushald får, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Postet:
2022-12-09 09:03:56