Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Look to Sweden! Sist veke var eg på studietur til Göteborg med Abelia/ FIN (Foreningen for innovasjonsselskap i Norge),\ninnovasjonsselskap og inkubatorar frå heile Noreg, Siva SF og Nærings- og fiskeridepartementet for å sjå korleis svenskane jobbar med å legge til rette for grøn omstilling og ny næringsvekst med tettare samarbeid enn nokon sinne mellom store bedrifter, nye startup-selskap, universitet/høgskular og offentleg sektor.\n\nSærleg imponerande var det å sjå den enorme satsinga i Gøteborg på å bygge opp ikkje berre nye bedrifter, men ein heilt ny bydel rundt helsenæring og livsvitenskap (life science), GoCo Health Innovation City – og korleis den svære bil- og IKT-bransjen i Gøteborg (Volvo Car, Volvo Trucks, Polestar, Ericsson m fl) no samarbeider «under same tak» for å få til meir innovasjon og auke tempoet i grøn teknologiomstilling (MobilityXlab) .\n\nTilbakemeldinga frå alle vi besøkte i Gøteborg: Det HASTAR med å få opp tempoet i innovasjon og nyskaping, kampen om å trekke til seg talent og gode idear er knallhard (og global). Og MEIR SAMARBEID og å «rive gamle murar» (også mellom Sverige og Noreg), er avgjerande for å lukkast som små land i utkanten av verda.\n\nI Noreg opplever vi no ei regjering som ikkje satsar heilhjarta på inkubatorar og felles nasjonale testfasilitetar for å «opne dørene» for nye startup-selskap inn til framtidsnæringane våre - som gjer særnorske skatteskjerpingar som svekker Noreg som lokaliseringsland for ny FoU, teknologi og startupbedrifter (m a høgare arbeidsgjevaravgift på høgt utdanna arbeidskraft) – og som skal bruke tid på å utgreie korleis vi kan samarbeide MINDRE med våre nordiske og europeiske naboar, i staden for meir (utgreie alternativ til EØS).\n\nDet går rett og slett ikkje. Innovasjon er ein kontaktsport. Fleire arenaer for samarbeid og å «bygge sterke lag» i Noreg/Norden mellom gamle bedrifter, nye bedrifter, FoU-miljø og offentleg sektor som gjer det mulig for nye bedrifter å vekse raskt – det må vere prioritet nr 1 i norsk næringspolitikk. \n\nGjengen eg var på tur med er «oljen i maskineriet» for å få dette til, og gjer ein kjempejobb for å legge til rette for nye bedrifter frå Kristiansand i sør til Alta i nord, herunder IKuben, Kunnskapsparken Vestland, Proneo AS, Innoventus Sør, Atheno as, Norway Health Tech, \n\nTusen takk til FIN m/ Trine Ellingsen i spissen for ein strålande tur! Inspirerande, matnyttig og ein kraftig vekkar om kor raskt resten av verda no suser av garde i grøn og nyskapande retning

Postet:
2022-12-07 11:51:24

Delt innhold:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre-এর পোস্ট করা ফটো