Person / Aktør:
Bjørnar Moxnes - Rødt
Bjørnar Moxnes - Rødt
Parti: R

Innlegg:
– Folk klarer ikkje å betale rekningane sine. Nokon har ikkje mat. Vi kan hjelpe med gåver og måltid. Men det betaler ikkje rekningane til folk, seier Helene Skeie Østhus i Kirkens Bymisjon. \n\nStortingsrepresentant Mimir Kristjansson (Raudt) meiner Noreg er inne i ei fattigdomskrise: \n\n– Dette er ein varsla katastrofe. Vi har gjort altfor lite for å få bukt med fattigdom. Det går ikkje an i eit av dei rikaste landa i verda at folk ikkje har mat på borda eller varmt hus, seier han.\n\nHan meiner alle ytingane i velferdsstaten bør aukast.\n– Og så må det bli lettare å gå til Nav og søke hjelp. Der må folk få hjelp. Ikkje bli møtt med kontroll og mistillit.

Postet:
2022-12-02 10:35:30

Delt innhold:
Fleire ber om hjelp til å klare jula
Julehjarta på Kirkens Bymisjons tre heng dobbelt så tett i år. Men organisasjonane klarer ikkje hjelpe dei som ikkje har råd til å betale rekningane. – Ein varsla fattigdomskrise, meiner Raudt.