Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Innlegget mitt frå finansdebatten i Stortinget. Bilete er av manus - glad i skriblerier og streker. Ikke så glad i ferdige manus. \n\n«Det er ei glede å kunna gje finansministeren den fødselsdagsgåva han ønskjer seg mest av alt, nemleg eit fleirtal bak budsjettet.\n\nDet er eit budsjett som kan setjast under orda tryggleik og rettferdig fordeling. Det var meldinga då finansministeren heldt finanstalen sin. Det er framleis meldinga. I finanstalen snakka finansministeren om tida frå 1814 og fram til talen hans. Det har òg etter talen til finansministeren vore ei omskifteleg tid i Noreg. Den utryggleiken ein hadde då, har vorte sterkare. Fattigdom og framvekst av ny fattigdom har vore i fokus, og nyheitsbildet har òg vore prega av milliardærar som forlèt det norske fellesskapet for å reisa til skatteparadis. Så det er tid for meir tryggleik og meir rettferdig fordeling.\n\nI dag behandlar me ikkje berre budsjetteinigheita mellom dei tre partia, men me behandlar òg det samla statsbudsjettet. Eg har lyst til å takka særleg SV for samarbeidet om budsjettet. Det har vore harde, men lærerike og respektfulle forhandlingar, vil eg seia. Eg trur det er viktig i den situasjonen landet står i no, at me ikkje er Venstre og Framstegspartiet, som står og brølar til kvarandre på gangen på Stortinget under forhandlingane, men at det er tre parti som diskuterer dette med innestemme og med respekt for forskjellige politiske løysingar, og som evnar å finna fram til felles løysingar.\n\nI botnen for avtalen ligg det eit svært omfordelande budsjett. Det er òg eit budsjett der ein tek politikken tilbake til Stortinget. Politikken har fått sin renessanse, for før var det mykje slik at høgreregjeringa kom med forslag til kva dei skulle bruka 20 milliardar ekstra oljepengar til, så diskuterte ein det, og så vedtok ein budsjettet. I år har me vore nøydde til å kutta 20 milliardar oljepengar, samtidig som me skulle dekkja inn ein kostnadsvekst på om lag 100 mrd. kr.\n\nDet har sidan budsjettet vart lagt fram, vorte raljert over det som har vorte kalla eit skattesjokk. Det er då interessant å sjå at bl.a. Høgre legg fram eit alternativt budsjett der dei aksepterer vårt skattenivå, der dei aksepterer vår verkelegheitsbeskriving, der dei aksepterer skattenivået som er i inneverande år. Når det gjeld planane for neste år, er me, om ein tek forskjellen på det alternativet budsjettet til Høgre og budsjettavtalen og justerer for useriøse inndekningsforslag, om lag på same nivå.\n\nFor oss i Senterpartiet har omfordeling vore viktig. Det har vore viktig å beskytta lommeboka til folk. Mange opplever tøffe tider. Prisstigning rammar dei som har minst. Auka rente rammar dei som har mest pressa økonomi. Difor er det òg god omfordeling i å halda igjen. Budsjettavtalen kjem på toppen av eit allereie omfordelande budsjett. Me kjempar ikkje ned fattigdom med fattigdomspolitikk, me kjempar ned fattigdom med omfordeling – i skattesystemet, i velferdssystemet.\n\nNår ein driv med omfordeling, må dei som har dei største inntektene, bidra meir. Det har vore smått oppsiktsvekkjande å sjå korleis Kristeleg Folkeparti, Venstre, Høgre og Framstegspartiet denne hausten har valt å ta i forsvar dei som har hatt dei største inntektene denne hausten og dette året – kraftselskapa. Det har vore forsvarstale etter forsvarstale for at dei skal få behalda inntektene dei har fått ved å selja straum dyrt til folk og næringsliv. Senterpartiet meiner at dei pengane skal inndragast og brukast til omfordeling. Me meiner at me må våga å ta desse vala.\n\nSå er det nokon som forlèt Noreg. Dei vel å flytta til skatteparadis fordi dei ikkje vil vera med på vår modell. Dei flyttar ikkje til Sverige eller Danmark, dei flyttar til skatteparadis. Då er det ikkje berre det norske samfunnet dei vender ryggen til, dei vender ryggen til den nordiske velferdsmodellen. Det å vera innbyggjar i Noreg er ei pakkeløysing. Det er ikkje ein à la carte-meny der ein kan velja lusekufte, dugnad, brunost og aktiv næringspolitikk og velja vekk skatten som ein ikkje likar. Så 17. mai-toget neste år av norske milliardærar i Lugano vil lukta vondt. Dei vil ikkje vera med på fellesskapet vårt, men dei har forsynt seg av norske ressursar, av norsk arbeidskraft, av den norske arbeidslivsmodellen og av norske støtteordningar. Det har dei tent seg rike på. No stikk dei. Det tek me grep for å stoppa.\n\nMe tek òg grep på mange andre område. Eg har lyst til å løfta fram det grøne perspektivet i budsjettet, for det er ein ny klimapolitikk der ikkje det einaste svaret når det gjeld klima, er meir avgifter. Eg synest representanten Rotevatn i replikkvekslinga synleggjorde godt kva som var klimapolitikken til Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Det var avgifter. Me vel heller å stilla krav til ny teknologi. Me stiller krav som gjer at norsk næringsliv vinn fram. Me bidreg til omstilling. Me legg til rette for at folk kan ta miljøvenlege val i kvardagen. Men det er ikkje slik at det er dei med dei eldste dieselbilane som skal få den største rekninga, for dei har sannsynlegvis òg dårlegast råd. Fordelingspolitikk og klimapolitikk må tilpassast kvarandre, og det gjer me i dette budsjettet. Me greier å kutta utgiftene samtidig som me kuttar i drivstoffavgiftene.\n\nDet er verdt å tenka tilbake til budsjetthausten 2016. Då kjempa Framstegspartiet ein innbiten kamp – ikkje for å redusera avgiftene, som me gjer, på bensin, diesel og mineralolje, men for at auken skulle verta minst mogleg. Dei kjempa for at dieselavgifta berre skulle auka med 35 øre, bensinavgifta berre med 15 øre og mineraloljeavgifta berre med 20 øre. Det var kampen til Framstegspartiet. Me har greidd, saman med Arbeidarpartiet og SV, å ha ein aktiv næringspolitikk samtidig som me har skjerma pumpeprisen. Det har vore nødvendig.\n\nEi anna satsing som er viktig for Senterpartiet, er distriktspolitikken. Landbrukspolitikken er ein viktig del av dette budsjettet. Det er oppsiktsvekkjande å sjå at der me legg til rette for ei massiv satsing på norsk matproduksjon, ser Høgre ei moglegheit for å henta inn avgifter. Dei innfører biffavgift, og òg på mjølkekartongar skal dei altså ta inn pengar. Og det er ikkje lite pengar, dei skal på mjølkekartongen ta inn meir per liter mjølk enn norske bønder har fått i vekst på mjølkeprisen på elleve år – 1 mrd. kr i avgift til norske bønder, helsing Høgre. Når det gjeld ei anna gruppe som er viktig i distrikta, entreprenørane, har Høgre ei skatterekning på 2 mrd. kr samanlikna med opplegget til regjeringa. Eg forstår ikkje kvifor ein fører den typen politikk. Regjeringa seier at me ønskjer, at me treng vekst og utvikling i distrikta, og difor legg me til rette ein politikk for det.\n\nEg er òg veldig glad for – for å vera litt frå mitt eige fylke – at folk f.eks. på Utsira og Kvitsøy no får reisa gratis med ferja. At dei som bur på ei øy, skal kunna koma seg derifrå og tilbake igjen gratis, har vore viktig for regjeringa. No gjennomfører me det. Så ser me at svaret til Høgre er: Nei, det meiner me dei ikkje skal gjera. Det er oppsiktsvekkjande.\n\nDet er òg slik i dette budsjettet at me treng inndekning. Det har me peika på. Me tek pengane frå dei som har dei største inntektene, og me satsar på dei som har dei minste. Det er omfordelingspolitikk. Me har lagt fram eit budsjett som vil gje tryggleik, som vil gje rettferdig fordeling.\n\nIgjen vil eg takka SV og Arbeidarpartiet for samarbeidet om dette. Eg trur det vert eit godt budsjett – og eit budsjett som er akkurat det Noreg treng no.»

Postet:
2022-12-02 22:17:48

Delt innhold: