Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
Nordiske og baltiske utanriksministarar har saman vore i Kyiv for å vise solidaritet med det ukrainske folket og vise støtte til landets forsvar mot Russlands angrep.\n@annikenhuitfeldt representerte Norge:\n– Russland vil prøve å skape splid mellom allierte land, men svaret vårt er det motsette. Aldri før har vi stått nærmare kvarandre, aldri før har viljen til å beskytte og kjempe for dei verdiane vi står for, vore sterkare. Dette besøket er ein viktig beskjed til det ukrainske folket; de er ikkje åleine. Vår solidaritet og vår støtte vil vare ved, seier Huitfeldt.\n \nUnder besøket møtte følget president Volodymyr Zelenskyj, dei tente lys i katedralen St. Michaels som har vore ein viktig samlingsstad for ukrainarar og besøkte Holodomormuseet\n \n📸Tuva Bognsnes/Utenriksdepartementet, Kiur Kaasik/Delfi Media

Postet:
2022-11-29 15:57:40