Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Kapital i melka \n\nEg meiner lobbyistar og PR-byrå har for mykje makt i Norge. Og det er hjelpeslaust trist å sjå på når stortingspolitikere lar seg bruke som pinocchio-dukker av mektige kapitalinteresser. \n\nDet kan ha skjedd i spørretimen sist onsdag. \n\nLa oss ta eit steg tilbake og oppsummere saka: I meierimarkedet er det konkurranse mellom blant anna Tine, Q-meieriet og Synnøve Finden. I tillegg er det ein betydeleg import. \n\nDå det bondeeigde Tine for mange pr sidan mista monopolet - så vart dei pålagde å finansiere sine konkurrenter. Det skjer gjennom noko som heiter konkurransefremjande midler. Og i staden for at eg byrjar å snakke om vanskelege ting som PU-ordninga og alt som ligg i den - la oss gå attende til kjernen i saka: \n\n«Tine vil ha bort desse pengane dei betaler. Konkurrentane vil framleis ha pengane. Regjeringa meiner at tida er inne for at konkurrentane til Tine må stå på eigne bein» \n\nFor å vinne fram har Q-meieriet hyra inn tidlegare landbruksminister Jon Georg Dale, som no er partner i First House. Eg har ikkje fullt oversyn over kven andre som jobber med å fronte Q-meieriet og heller ikkje for Synnøve Finden. Dei to selskapa og deira folk har i alle fall vore veldig aktive på lobbyfronten i det siste. \n\nEg veit heller ikkje kven det er som har fått i stand det som skjedde i spørretimen sist onsdag, men 6 stortingsrepresentanter frå Høgre og Frp tok opp temaet melk og konkurransjefremjande midler i spørretimen. \n\nDet kan sjølvsagt vera heilt tilfeldig at Carl I Hagen (Frp), Anna Molberg (H), Tore Andre Johnsen (Frp), Sivert Bjørnstad (Frp), Lene Westgaard-Halle (H) og Liv Kari Eskeland (H) vart veldig engasjerte i spørsmålet samstundes. Eg trur berre ikkje dei kvar for seg har vakna ein morgen og tenkt at no skal me ta Tine. \n\nTine er ingen smågutt. Det er heller ikkje Q-meieriet eller Synnøve Finden. Derfor skal me ha konkurranse på like vilkår. For bøndene som leverer melk til Q-meieriet er det viktig med eit velfungerande Tine. Så Høgre og Frps kamp mot Tine er ein kamp på vegne av eierkapitalen i meieria og ikkje norske bønder. \n\nSå får ein berre undre seg om det er Jon Georg Dale, Synnøve Finden eller andre som står bak kampanjen me såg i spørretimen på onsdag. \n\nDet er ikkje min intensjon å drive med spekulasjon - slik det er i deler av dette innlegget. Og om eg tek feil skal eg legge meg flat som berre det. \n\nOg som en tilleggsinformasjon: I sitt alternative budsjett sendte Høgre avgårde ei avgiftsbombe mot Q, Tine og Røros-meieriet på 550 millioner kroner i kartongavgift.

Postet:
2022-11-26 09:32:40

Delt innhold: