Person / Aktør:
Frank Sve

Innlegg:
Eg er rett og slett berre rysta etter å være vitne til eit nærmast «statskupp» i kommunestyret i Stranda på onsdag, \n\n- der arvesølvet, e-verket vårt som Stranda har eigd i over 100 år, blir omtrent berre gjeve vekk til Tussa as.\n\nTussa as flirer nok herfra til banken vil eg tru, \n\n-og ny sjukeheim, småskule og fleirbrukshall på grusbana på Stranda, kan vi nok alle berre gløyme ein gong for alle.\n\nHer er eit innlegg som beskriver litt meir:\n\n————//—————————\n\nGråt Stranda, gråt !\n\n« Sidan Stranda kom ut av ROBEK i 2018, har SP og Tryggestad brukt 215 035 000kr i nye lån, og dette er bakgrunnen for at arvesølvet no blir solgt på billigsalg»\n\nPanikken tar fleirtalet, og det er Stranda sine innbyggjarar som no får betale gildet, der over 215 mill kr stort sett har havna i Hellesylt og Geiranger.\n\nSP har drevet kommunen i ei tid med historisk lav rente, sågar omlag nullrente i kommunen.\n\nAldri før har verken skatteinngang eller rammeoverføringer vore større, og sidan 2011 har kommunen teke inn ca 160 million kr i eigedomsskatt. \n\n- ein eigedomsskatt som skulle være over når kommunen kom ut av ROBEK i 2018 lova Tryggestad høgt og tydeleg som han ofte bedyrar.\n\n«160 million kr i eigedomsskatt så langt, for å dekke inn eit akkumulert underskot på 50 mill kr»\n\nSå presterer ordførar Tryggestad å stå på talerstolen og «skryte» av denne greinalause eigedomsskatten, som no i realiteten skal betale for nye 215 mill kr brukt.\n\n«No presterar altså eit fleirtal å selge Stranda Energi as til Ørsta og Tussa, i ein situasjon der kraftbransjen går til himmels, og Tussa as flirer herfra til banken»\n\nSå må eg berre være vitne til at Ordførar Tryggestad brukar rå makt overfor både sine eigne og andre. \n\nSjølv når det blir reist spørsmål om ordførerens eigen habilitet i kommunestyret, går han ikkje ifrå men berre avfeier heile spørsmålet i god diktatorisk ånd,\n\n- sitat frå Tryggestad under møtet: \n\n« Ikkje kven som helst som kan stille spørsmål om ordføraren sin habilitet»\n\n- og, varaordføreren og resten av kommunestyret berre set å stirra tomt ned i golvet.\n\nOg, så gjev Tryggestad berre blaffen og fortsetter i møtet, der kommunelova og forvaltningslova berre er ein dårleg vits for Tryggestad ser det ut for.\n\nE- verket er historie, og arvesølvet som kunne sikre inntekter i framtida til både ny sjukeheim og Ringstad skule på Stranda, er og blir historie.\n\n46 million kr skal dekkjast inn i underskot og inndekkingsbehov for neste år.\n\n«Eg tør påstå at med handlinga i kommunestyret på onsdag, vil Stranda ALDRI kunne få ny sjukeheim og ny småskule»\n\n- kven ynskjer å bli gammal i Stranda kommune etter dette?\n\nSP og Tryggestad er i akutt pengenød for å unngå ROBEK, men realiteten er at dit kjem ein no uansett.\n\nDette blir no forsøkt maskert ved panikksalget av arvesølvet, der arvesølvet skal brukast til super kortsiktig redningsplanke for Tryggestad no før valget til neste år.\n\n« Ikkje rart Tryggestad både i formannskapet og ellers har trua med at fekk han ikkje selge arvesølvet, så trekte han seg som politikar»\n\nPlanen til Tryggestad om å forsøke å redde stumpane etter sitt ettermæle låg rimeleg godt igjengløymt på kulturhuset etter kommunestyremøtet på onsdag.\n\nGråt Stranda, gråt,\n\nMvh\nFrank Sve\nKommunestyrerepresentant \nFrP

Postet:
2022-11-24 22:40:12