Person / Aktør:
Kulturdepartementet

Innlegg:
IDRETT OG GASSPRISAR: Medan dei fleste av idrettslaga i Norge brukar straum til å varme opp kunstgrasbaner og halde flaumlysa på, er det eit mindretall som brukar gass som energikjelde💡\n\nFrå før har regjeringa ei eiga straumstøtteordning for idrett og det er lagt opp til at gasstøtta skal vere på same nivå som straumstøtteordninga for frivillig sektor👍\n\n– No treng ingen lengre frykte at høge gassprisar vil stenge ned idrettsanlegg. Vi har lytta til idrettens uro, og no som vi har fått den informasjonen vi treng om omfang og kostnader, er det veldig godt å kunne legge fram dette forslaget som gir idretten støtte til gassrekningar, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.\n\nRegjeringa foreslår at Norges idrettsforbund får overført 15 millionar til fordeling til dei aktuelle idrettslaga.

Postet:
2022-11-25 13:01:29

Delt innhold: