Person / Aktør:
Kamzy Gunaratnam
Kamzy Gunaratnam
Parti: AP

Innlegg:
I dag er Den internasjonale mannsdagen🙏🏽\n\nDagen har vorte markert i fleire tiår, men har ikkje offisiell status på same måte som kvinnedagen.\n\nUlike land løftar ulike saker, men den internasjonale mannsdagen har som mål å fremja mannlege rollemodellar, betra menns helse, jobba mot diskriminering, fremja positive kjønnsrealsjonar og gjere verda tryggare for alle.\n\nMenn og kvinner sine ulike arbeidsmønster forplantar seg til løn og karriereutvikling, men òg til område som samvær etter samlivsbrot og menn si helse. Ei likare fordeling av omsorg og arbeid vil ikkje berre skape eit betre liv for mange menn, men òg nye alliansar mellom mødrer og fedrar.\n\nTidlegare dagar har feira mannlege rollemodellar og mangfald, betre og lenger livsløp, samt å jobba mot den dystre sjølvmordsstatistikken.\n\nKvinner lev i snitt kring fire år lenger enn menn, ifølgje Verdas helseorganisasjon. Same organisasjon anslår at det er det kring 800.000 menn årleg som gjer sjølvmord. I Noreg er to tredelar av dei som gjer sjølvmord menn, ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet.

Postet:
2022-11-19 09:27:06

Delt innhold: