Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Soga om erstatning til pelsdyrbøndene er ein trist historie - som eg vonar vil få ein anstendig slutt om ikkje alt for lenge. \n\nDet har vore frustrerande den siste tida. Etter ein lang og vond prosess så vart det full stopp på oppløpssida. Mange har etterlyst kor eg har vore i saka. Når eg har vore taus så er det fordi eg er heilt trygg på Sandra Borch og co handterer den vanskelege situasjonen på best mogleg måte. Og ja me snakker saman. \n\nI korte trekk så var arbeidet med å sluttføre erstatningsoppgjeret i full gang. Så dukka det opp ulike forhold - som eg ikkje skal gå inn på - som gjorde at landbruksdirektoratet sa opp/heva kontrakten med takstselskapet. Det er mi oppfatning at statsråden ikkje kunne eller burde overprøve den beslutningen. Det gjorde ho heller ikkje og det vart det full stopp i arbeidet med taksering. Eg forstår godt at pelsdyrbøndene vart både skuffa og mistenksame. \n\nProsessen har teke alt for lang tid og har vore ei belastning. Eg registrerer no også at fleire av dei som losa næringsforbodet gjennom no prøver å skvette på Senterpartiet. \n\nEg meiner at heile Senterpartiet i denne prosessen har gjort og gjer det som står i vår makt for å ordne denne saken. Fyrst ved å sikre fleirtal for ei berekraftig utvikling av næringa, så for å kjempa mot næringsforbodet og seinare for ei skikkelig erstatning. Eg har gjort min del av jobben, men alltid med full støtte fra Trygve Slagsvold Vedum og Marit Arnstad og resten av partiet. No er det statsråd Sandra Borch, statssekretær Wenche Westberg og næringskomiteleder Willfred Nordlund som gjer jobben. \n\nDet er ingen grunn til å vera mistenksame eller tru at me driv på med noko lyssky verksemd. Me jobber kun for å innfri lovnadane frå stortingets vedtak. \n\nMen etter årevis der Dale, Listhaug og Bollestad har forsøkt å sno seg unna - forstår eg godt at bøndene er både leie, urolege og mistenksame. Men me skal fikse dette. \n\nKortversjonen av saka: \n\nI januar 2017 behandla stortinget ei stortingsmelding om pelsdyr for å avklara synet på pelsdyrhald i Norge. Stortingsmeldingen bygde på ei offentlig utgreiing (NOU) Eit klart fleirtal beståande av Sp, KrF, Frp og H stemte for ei bærekraftig utvikling av næringa. Ei lita gruppe i Høgre kjempa for motsett resultat.\n\nI januar 2018 ynskte H og Frp å ha med Venstre i regjering. Som ein del av regjeringsplattformen godtok H og Frp eit krav frå Venstre om å innføra forbud mot pelsdyr. \n\nDet ble seinare lagt fram ein proposisjon på Stortinget om forbudet. Med Frp i landbruksdepartementet og finansdepartementet vart det knapt sett av pengar til erstatning. H, Frp, KrF, MdG, V, Ap og Sv gjekk inn for forbodet. \n\nStortinget gira opp dette noko og gjorde og framlegg om ei ordning for erstatning. Sjølv om regjeringspartia vart pressa så var ordninga ikkje god nok. Men me lukkast med å presse dei lengre. Denne erstatninga er no utbetalt til bøndene. Det er verdt å merke seg at denne ordninga gjekk lengre enn det regjeringa ville. \n\nSeinare gjekk Frp ut av regjering og det var då eit fleirtal - beståande av Sp, Ap, SV og Frp - som ynskte å gje pelsdyrbøndene full erstatning. Me var i forhandlingar med H, KrF og Venstre om å få dei med på dette. Den 25. mai klokka 17.50 meldte Høgre til oss at det var ei uansvarleg ordning. Det fekk halde med det pelsdyrbøndene alt hadde fått. \n\nVåren 2021 gjorde eit fleirtal på Stortinget vedtak om full erstatning. \n\nDå me vann valget og overtok nøklane til landbruksdepartementet trudde me jo at Olaug Bollestad med full iver hadde jobba for å realisera stortinget sitt vedtak. Sånn var det diverre ikkje. \n\nSandra Borch tok tak og trass i ein krevjande vinter med mykje andre saker la ho i mars 2022 fram ei ordning i tråd med stortinget sitt vedtak. Denne hadde søknadsfrist 1. oktober. \n\nDet er sterkt beklageleg at det dukka opp ei uforutsett hending. Me har difor lagt fram ei ordning der pelsdyrbøndene får eit skikkeleg forskot. Denne vart presentert denne veka. Sjølv om det som no er har skjedd er skikkeleg irriterande - så er eg redd at statsråden ikkje hadde noko anna val. \n\nSenterpartiet har fyrst teke kampen for pelsdyrnæringa. Då me forstod at H, Frp, V og KrF ville køyre gjennom forbodet - så retta me fokuset på ei skikkeleg erstatningsordning. Fyrst i stortinget - så gjennomfører me i regjering. \n\nHeile prosessen med nedlegging har fram til regjeringsskiftet vore skameleg. Og hadde H, KrF og V fått vilja si hadde pelsdyrbøndene no venta på kr. 0 utover det som er utbetalt. I staden kan dei no vente på å få full erstatning. \n\nMe skal framleis kvar dag stå på for at ordninga vert slik som me har fått gjennom i Stortinget. Det fortener bøndene som er råka av maktspelet til H, Frp, KrF og V. \n\nLærdom: Aldri legg ned ei lovleg næring ! \nOg lærdom av bøndene: Aldri gje opp! \n\nBilete frå pelsdyrauksjon i København 2019

Postet:
2022-11-18 16:42:37

Delt innhold: