Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Det er ganske heftig å jobbe med saken om grunnrenteskatt. Eg har aldri jobba med ein sak der det har vore mobilisert så enormt med PR-byrå, advokatkontorer, konsulenter og analysemiljøer. Samstundes er engasjementet stort både i næringa og i lokalsamfunna. Heller ikkje alle delar av pressa verkar å vera godt førebudd på ei sak med så mykje innhald, politikk og teknikk. \n\nRamma rundt innføringa av grunnrenteskatt er at dei som tjener mest må bidra meir. Og dei som har tjent mest på å bruke fellesskapets ressurser skal betale meir for det. Alternativet er at folk som har jobber med vanlige inntekter som lærere, i butikk, på lakseslakteri eller drosjesjåfører hadde fått meir skatt. Det er fort gjort å glemme at alternativet til at Gustav Witzøe betaler meir skatt er at folk må betale meir. Det er eit resultat om ein både skal kutte oljepengebruk og dekke opp auka kostnadar mellom anna til beredskap. \n\nEg har lang erfaring med å arbeide med interesseorganisasjonen Sjømat Norge. Det er to ting som alltid har prega retorikken til organisasjonen og leiaren Geir Ove Ystmark: - Oppdrettsnæringa vil betale meir. Berre ikkje no og berre ikkje på den måten. \n\nLa meg vise: 8. juni 2017 behandla Stortinget eit representantforslag om å innføre ei avgift på fisk som vart sendt ubearbeida ut av landet. Avgifta skulle vera på 25 øre per kg. Stortinget ba regjeringa setje i gang arbeidet med dette. Sjømat Norge var mot ei slik avgift. \n\nRegjeringa fulgte ikkje opp forslaget. Difor vart det på ny våren 2018 fremja eit representantforslag om ei slik avgift - men no som ei produksjonsavgift for all laks. Sjømat Norge var imot produksjonsavgift. \n\nSom eit svar på dette kunngjorde i april 2018 Solberg-regjeringa: «Regjeringen vil i stedet utrede og eventuelt foreslå en grunnrenteskatt på havbruk med innføring i 2020.» \n\nSjømat Norge var imot produksjonsavgift, men støtta altså opp om ei offentleg utgreiing om grunnrenteskatt. Det er denne offentlege utgreiinga som no ligg til grunn for skatten som vert innført. \n\nDen strategiske vurderinga som Sjømat Norge og Ystmark gjorde den gongen forstod eg ikkje då og forstår eg heller ikkje nå. Eit passande bilete på det dei gjorde kan vera at dei syte for at båten vart bygd - men satsa på at den aldri skulle bli brukt. \n\nNo kjem det grunnrenteskatt. Då har Sjømat Norge skifta standpunkt og vil heller ha ei produksjonsavgift. Ystmark sa i går: «Det finnes andre modeller som for eksempel produksjonsavgifter.» \n\nSå mønsteret er klart: Dei vil betale meir, men berre ikkje akkurat slik og berre ikkje no. \n\nRealiteten av denne kampen er likevel at Ystmark og Sjømat Norge er ein slags fødselshjelpar eller medfar til grunnrenteskatten. \n\nSå tenker du hey hey hey: Du har jo også snudd i saka frå å argumentere imot i 2019 til å vera for i 2022! Det er heilt rett og eg legg vekt på fylgjande: \n\n- Den sikkerheitspolitiske og økonomiske situasjonen. \n- 2019: Statleg skatt | 2021: Statleg og kommunal skatt \n- 2019: Skatt for alle. | 2021: Skatt for dei store\n- Omfanget av skatten er anslått halvert frå 2019 til 2021. \n- Sidan 2019 har ikkje små selskap og nye aktørar kome inn i næringa. \n- Kommunane skal få meir enn i dag. \n\nMen det hadde truleg ikkje vore mogleg å innføre skatten i 2023 om ikkje Erna Solberg og co hadde teke jobben med å laga klar skatten. \n\nSå korleis vil dette gå framover: \n\nDet vil bli produsert så mykje laks som det vert gitt tillatelse til. \n\nMarked og etterspurnad vert ikkje påverka av skatten. \n\nDet er ingen grunn til at dette skal påverke bearbeiding i Norge.\n\nProduksjonen vil auka om marknaden og miljøavtrykket tillet det. \n\nUtbytta vil sjølvsagt gå noko ned og formuane vil vekse saktare enn dei har gjort. Det er det helt legitimt å protestera imot av dei som vert råka. \n\nSkatten vert innført fra 2023 - så er det slik at me gjer dette og ynskjer vidare utvikling av både arbeidsplasser og verdiskaping i næringa. Då står me fast på prinsippa - men lyttar til både bedriftene og ordførarane og justerer der me ser det er naudsynt. \n\nMe har ikkje alle svara. Mange av dei ligg i ei utgreiing som er gjort - men me må lytte til alle og ikkje berre dei som har den største pengesekken eller det beste kommunikasjonsapparatet.

Postet:
2022-11-19 09:26:42

Delt innhold:
Photos from Geir Pollestad - Senterpartiet's post