Person / Aktør:
Sigbjørn Gjelsvik - Sp
Sigbjørn Gjelsvik - Sp
Parti: SP

Innlegg:
Eg har med sorg motteke bodskapen om at statsforvaltar Per Arne Olsen har gått bort. Det er kun få veker sidan vi sist møttes og drøfta viktige utfordringar framover. Per Arne var i full driv og i sedvanlig godt humør. At han no er borte kom brått på for både meg og mange andre.\n\nPer Arne var fylkesmann i Vestfold frå 2016, og blei statsforvaltar for Vestfold og Telemark frå 2019. Han har òg ein lang innsats bak seg i politikken og i ulike verv, mellom anna som som ordførar i Tønsberg og stortingsrepresentant.\n\nPer Arne fekk tillit frå mange, men han møtte også andre med ein positiv og open haldning. Han har vore ein iherdig talsmann for sitt fylke og fylte rolla som statens representant på ein særs god måte. Eg veit også at dei andre statsforvaltarene sette stor pris på han i kollegiet. Våre tankar går til familien som har mista ein av sine kjære.

Postet:
2022-11-18 15:10:59

Delt innhold:
Statsforvalter i Vestfold og Telemark Per Arne Olsen er død
Olsen sovnet inn på sykehuset natt til fredag etter kort tids kreftsykdom. Han ble 61 år gammel.