Innlegg:
For mange låginntektsfamiliar er barnetrygda heilt avgjerande. Og når prisane og renta stig framover, blir den desto viktigare. Likevel gjer regjeringa null og niks med satsane neste år, som i realiteten betyr svekka kjøpekraft. \n\nI Venstres alternative statsbudsjett føresler vi ein kraftig auke i barnetrygda. Og vi gjer det utan å auke den offentlege pengebruken med ei einaste krone. Korleis gjer vi dette? Jo, ved å gjere barnetrygda til skattbar inntekt. Då vil dei med låge inntekter får eit løft på oppimot 8000 kroner i året, og vi jamnar ut sosial ulikskap. Les meir i dagens Vårt Land:
Postet:
2022-11-14 11:52:35
Delt innhold:
Venstre foreslår økt barnetrygd, men de rikeste må skatte av den
PENGER TIL FAMILIER: Sveinung Rotevatn (V) vil drysse 8.000 kroner mer i året over barnefamiliene i Venstres alternative statsbudsjett. Men den eventuelle økningen i barnetrygden kommer med en pris.