Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Eg vil ha meir saker om matproduksjon i Rogalandsmedia! \n\nEin skal vera varsam med å kritisera media. No har eg likevel tenkt å gjera det: \n\nDekninga av jordbruk og matproduksjon er alt for dårleg hos Stavanger Aftenblad, Jærbladet og NRK Rogaland.\n\nEit døme: Forrige helg vart messa Agrovisjon arrangert i Stavanger. Det er eit stort arrangement med mange besøkande. Medieoppslaga ser du oppsummert på bilete. To saker. (Nå tek eg atterhald om søkefeil) \n\nRogaland er olje og matfylket. Kontrasten mellom måten Stavanger Aftenblad dekker produksjon av mat og olje er enorm. \n\nAftenbladet er likevel gode på å dekke maten når den er kommet inn på restauranten. Eg trur knapt det er servert ein matrett i Stavanger sentrum som ikkje Aftenbladet har trilla terning på. \n\nRogaland og Jæren er mykje jordbruk og bønder. Eg meiner det er alt for lite saker om det i lokale media. Så trur eg ikkje redaktørane vil ta til seg kritikken min - dei vil vise til både den eine og den andre saka dei har laga om landbruk. Det er greitt - men i dagens situasjon med beredskap, krig og klimaendringar vil eg ha meir stoff om matproduksjon! \n\nTek de utfordringa?

Postet:
2022-11-11 10:05:35

Delt innhold: