Person / Aktør:
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)

Innlegg:
– Regular physical activity plays a vital role in maintaining a healthy lifestyle, physical and mental health, and wellbeing throughout life.\n\nDette sa helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol då ho opna den største nordiske konferansen i historia om fysisk aktivitet: The Nordic Countries on the move - together\n\nAktivitetsnivået i den norske befolkninga er lågt og varierer med alder, kjønn og sosioøkonomisk status. Samtidig brukar vi alle for mykje av vaken tid i ro. Pandemien har bidratt til ytterlegare negativ utvikling og sosial skeivfordeling:\n\n1. Tre av ti vaksne og eldre er tilstrekkeleg fysisk aktive\n2. 40 prosent av femtenårige jenter er aktive nok, og berre halvparten av gutane. \n3. Nesten alle seksåringar er tilstrekkeleg fysisk aktive\n4. Allereie i niårsalderen begynner aktivitetsnivået å minke, spesielt blant gutar. Dette er tidlegare enn før.\n\nKonferansen samla mellom anna politikarar, forskarar, leiarar og fagfolk i fleire sektorar på ulike nivå og dessutan frå frivillige organisasjonar. Målet var å utveksle erfaringar og finne svar på korleis samarbeide betre på tvers av sektorar og land om å fremme fysisk aktivitet. Som følge av konferansen blir det etablert eit Nordisk nettverk om fysisk aktivitet for å dele kunnskap og erfaringar og finne løysingar på felles utfordringar. \n \nOver 1600 personar deltok på konferansen som kan sjåast i opptak her: https://nordicconference.webflow.io/watch-the-parallell-sessions

Postet:
2022-11-03 14:51:20

Delt innhold: