Person / Aktør:
Landbruks- og matdepartementet (Norge)
Landbruks- og matdepartementet (Norge)

Innlegg:
I dag er den internasjonale Éi helse dagen. Helsa til menneske, dyrehelse og miljøet heng tett saman, og Covid-19 har vore ein vekkjar for korleis helsa til menneske er kopla til dyrehelse og miljø. \n\nMellom 60 og 70 prosent av sjukdommar på frammarsj er zoonosar, altså sjukdommar som smitter mellom dyr og menneske. Aukande antibiotikaresistens er derfor ein alvorleg trussel mot global helse. Vi risikerer ei framtid utan effektiv antibiotika, der infeksjonar som i dag blir rekna som ufarlege igjen kan få alvorlege utfall.\n\n- Noreg er blant landa som bruker minst antibiotika i husdyrproduksjonen sin. Norsk husdyrnæring, veterinærar og bønder har i ei årrekke jobba for å redusere bruken av antibiotika, og dette gir resultat. Dette arbeidet er ein av grunnane til at førekomsten av resistente bakteriar hos dyr og menneske framleis er låg i Noreg. Dette er eit viktig, kontinuerleg arbeid, og regjeringa har sett fleire tydelege mål for redusert og rettare bruk av antibiotika, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.\n\nFigur er henta frå WHO.

Postet:
2022-11-03 14:05:23

Delt innhold: