Innlegg:
I dag har eg reist langt vekk frå departementet i Oslo og brukt dagen saman med Stortingsrepresentant Erling Sande i Sogn og Fjordane. Når vi og får sjølvaste fylkesordførar Jon Askeland med til Arnafjord, Vik i Sogn( der eg har morsslekta ) er det ein god fredag. Men tema var alvorleg- nemleg den svært rasfarlege Fjordavegen. Det gjer stort inntrykk å sjå alle dei rasutsatte strekka og høyre om den utryggheita folk føler på, og det upraktiske når den einaste vegen ut så ofte er stengt. Sjølv om vi smiler på bilete, tek vi det politiske ansvaret for trygge vegar på stort alvor. 🍀🍀
Postet:
2022-11-04 21:25:28
Delt innhold: