Person / Aktør:
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)
Innlegg:
❤ På Akershus universitetssykehus HF ser dei gode resultat i sitt prehabiliteringsarbeid for kreftpasientar. \n\nPrehabilitering er fysisk og psykisk førebuing til behandling som skal bli gjennomført. Det handlar om å vere i så god fysisk form som mogleg; om å fylle på med riktig ernæring, sove og kvile nok. \n\nForsking viser at tilpassa fysisk aktivitet reduserer biverknader, gir betre behandlings-resultat, færre seinskadar, reduserer risiko for følgesjukdommar og tilbakefall. Sjukehuset samarbeider med Nesodden kommune om å tilby pasientane prehabilitering før behandling. \n\nPå Ahus har dei et rom dei kallar Pusterom som er etablert i samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og stiftelsen Aktiv mot kreft. Dette rommet skal hjelpe kreftpasientar til å vere fysisk aktive under og etter kreftbehandling. \n\n– Pusterom er eit godt døme på korleis menneske med ein alvorleg kreftsjukdom kan få hjelp til å meistre livet sitt og til å få inspirasjon til å vere fysisk aktive, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol etter besøket der måndag.\n\n#vårfelleshelsetjeneste
Emneknagger:
Postet:
2022-10-28 12:08:08
Delt innhold: