Person / Aktør:
Olje- og energidepartementet (Norge)
Olje- og energidepartementet (Norge)

Innlegg:
Gratulerer til Sogn og Fjordane Energi med Lutelandet vindkraftverk!💨 Det nye kraftverket i Fjaler kommune vart formelt opna av olje- og energiminister Terje Aasland denne veka, og statsråden var også oppe på toppen av ein av dei ni vindturbinane. Vindkraftverket vil produsere straum til 9000 husstandar i året og gir mogleigheiter for nye industriarbeidsplassar i Vestland fylkeskommune ⚡️\n\nRegjeringa ønskjer raskare utbygging av prosjekt innan fornybar energi, og har i statsbudsjettet for 2023 foreslått å auke løyvingane til energistyresmaktene med 165 millionar kroner. Satsinga skal blant anna bidra til meir effektiv konsesjonsbehandling, slik at prosjekt kan realiserast raskare: https://www.regjeringen.no/id2932290/

Postet:
2022-10-25 15:37:44