Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Eg har på vegne av Sp, saman med Ap, dei siste vekene forhandla for å få fleirtal i Stortinget for Ukraina-proposisjonen. \n\nDenne inneheld bruk av 28,1 milliardar kroner i 2022. Dette er mellom anna militær og humanitær bistand til Ukraina, straumstøtte til bedrifter og folk, utvida straumstøtte til folk, ekstraløyving for å halde kyrkjene varme i jula og auka CO2-kompensasjon til industrien. \n\nI forhandlingane vart me samde om å auke løyvingane med 429 millionar kroner i 2022. Det vil gje rom for auke bostøtta i oktober og november, gje studentar med straumrekning ei eigongsutbetaling på 1500 kroner. I tillegg prioriterte me pengar til distriktsbutikkar og til matsentralen. \n\nFor Sp og Ap har det og vore viktig å sikre: \n\n- Ikkje ta frå nokon straumstøtte. \n- Sikre fleirtal for straumstøtta for næringslivet slik den er forhandla fram mellom regjeringa, NHO, LO og Virke. \n\nEg er glad for at me i går fekk på plass eit fleirtal og på torsdag skal Stortinget gjera endeleg vedtak.

Postet:
2022-10-25 14:12:54

Delt innhold: