Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
Innlegg på vegne av Sp etter statsministeren si utgreiing av situasjonen i Ukraina: \n\nEg vil starta med å takka statsministeren for utgreiinga. Den russiske invasjonen av Ukraina har ført til grunnleggjande og varige endringar i den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa. Utgreiinga til statsministeren kan vel – meiner eg – best oppsummerast som ubehageleg. Det er ei ubehageleg sanning som vert presentert, men det er òg samstundes ein tryggleik i at regjeringa har grep om situasjonen.\n\nMe har innført dei mest omfattande sanksjonane nokosinne i norsk rett. Det er ein reaksjon på Russlands folkerettsstridige angrep på Ukraina, men òg eit uttrykk for Noregs solidaritet med det ukrainske folket. For dette handlar både om å gje støtte til Ukraina og om å bevara vår eiga sikkerheit og våre verdiar.\n\nKonflikten kan verta langvarig, og Ukraina er avhengig av internasjonal støtte for å stå imot den russiske aggresjonen. Noregs bidrag er viktige, og på torsdag skal me behandla ein proposisjon om Ukraina, med sju milliardar i både militær støtte og bistand til Ukraina. Eg er glad for at eit stort fleirtal i Stortinget kjem til å stilla seg bak den støtta.\n\nEin av dei konkrete tinga som skapar mest frykt og uro, er observasjonar av dronar, og særleg blant tilsette på norske olje- og gassinstallasjonar. Eg er difor svært glad for at statsministeren tidleg valde å besøkja ei oljeplattform. Det er viktig å visa forståing for den frykta ein opplever. Eg vil òg venda meg til dei som jobbar i olje- og gassnæringa, og be dei om å ta til seg det som statsministeren seier om betydninga gassleveransane har for Europa.\n\nMe opplever ei enorm tilstrømming av flyktningar til Noreg. Eg meiner at det er verdt å merka seg at det har me som samfunn til no klart med ro, med verdigheit og med effektivitet. Det har vore få oppslag i pressa om flyktningtilstrømminga. Men det er jo ikkje gjeve – og det viser òg den nyare, norske politiske historia vår – at me som land skal vera i stand til å ta imot så mange flyktningar utan at det skapar i alle fall politisk uro. Eg trur det er viktig å ha ei regjering der partia i regjeringa er einige om korleis ein skal handtera denne flyktningtilstrømminga, og vil gje ein takk til både regjeringa, norske kommunar og det norske folket for måten ein så langt har handtert dette på. Utfordringane vidare vil òg verta store, så me treng at samhaldet og effektiviteten vert førte vidare.\n\nDenne konflikten reiser òg ganske mange vanskelege avvegingar. Eitt av dei tydelegaste teikna på det, noko som òg statsministeren var inne på, er fiskerisamarbeidet med Russland, for på den eine sida har me behov for å reagera, og på den andre sida er det i alle si interesse at me har eit fiskerisamarbeid med Russland, for å vareta den fantastiske ressursen som fisken er, og for å sikra miljøomsyna i dette. Eg meiner at regjeringa har funne ein god balanse. Eg meiner òg at ein skal vera open for å stramma til meir dersom det er behov for det, men eg meiner at ein må strekkja seg langt for å ta vare på fiskerisamarbeidet.\n\nSenterpartiet har i desse dagane landsstyremøte på eit hotell her i byen, og i går kom ein norsk-ukrainsk tilsett på hotellet bort til partileiaren min og ga uttrykk for ein takk for den støtta ho opplevde at storting og regjering hadde gjeve til Ukraina og det ukrainske folket. Eg trur det er ei viktig påminning om at me skal stilla med økonomiske midlar, men me skal òg stilla med ei tydeleg fordømming av invasjonen, ei tydeleg støtte til det ukrainske folket, og me skal visa at me greier å stå samla. Det vil verta ein tøff vinter, og det legg eit stort ansvar på oss alle.
Postet:
2022-10-25 19:32:17
Delt innhold: