Delt innhold:
🥳Utruleg stas å vinne prisen Årets nynorskkommune 2022 🇳🇴🇳🇴\n\nDet var ein stolt fylkesordførar Jon Askeland som i dag tok imot prisen for Årets nynorskkommune 2022 frå kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen. \n\n🖊Juryen har særleg merka seg det grundige og systematiske arbeidet fylkeskommunen har gjort med å gjere den nye språklova kjend for dei tilsette, slik at dei har kompetanse og høve til å følgje ho opp. \n\n✉️Blant anna har alle tilsette i Vestland fylkeskommune i vår fått tilsendt eit lynlæringskurs om den nye språklova på e-post. \n\n🎭I tillegg blir den nye regionale planen for kultur, idrett og frivilligheit trekt fram i grunngjevinga, og rolla nynorsken har som kulturberar i planen.\n\n🥰🤩🥳Tusen hjarteleg takk!\n\n📸Isak Ramsvik, @sprakradet_no